vannsprut
27 juni 2016

Lyden av lagunebyen

Lyden av lagunebyen
«Dei gylne åra til republikken Venezia var for lengst over – i alle fall politisk og økonomisk – då Antonio Vivaldi tok verda med storm med solokonsertane sine i byrjinga av 1700-talet…

På dette velprogrammerte albumet tek det raffinerte barokkorkestret Akademie für Alte Musik Berlin oss med inn i klangverda til oboen, instrumentet teoretikarane i samtida meinte låg den menneskelege røysta nærast. Ikkje berre er orkesterspelet utsøkt; den tyske barokkoboisten Xenia Löffler imponerer òg med naturleg frasering, heil og klår klang og funklande virtuositet. 
Dette, og det at me her stiftar kjennskap til fleire ukjende, men mykje kompetente venetianske komponistar, gjer det til eit album som toler mange omgangar i CD-spelaren»
Av Sjur Haga Bringeland anmeldt i Dag og Tid
Lytt her: https://open.spotify.com/album/3cKl1DS8xZLbSHYvNRF2GU

Del via: